HEIM
ATT TE SKRINDO
Rømde i frå bygde, ein
gong i 83
Einsam og rastlaus, ut i
verde
Har alder funne ro, jaga
umkring
Og det einaste e vil no er
å reise heim
Men alle pliktidn her,
stengi meg inne
Heimlengsel, det kjenns
nesten som det brenne
Åh la meg reise heim att,
heim att te Skrindo
Ut or Oslo-gryta på jakt
etter sinnsro
La meg kjenne fjell luft i
djupe andedrag
E vil reise heim att –
heim att i dag
Uansett årstid, e vil heim
att te ho mor
Kort år e tenkji, skal bli
oftar enn i fjor
Skull ha vore meir i
skogen, hjålpt´n far å hogge ved
Skull ha siti meir ved
peisen, skull hatt meir tå sjelefred
Men alle pliktidn her…..
Åh la meg reise heim
att…..
Heim att i dag
For i dag gjer e blanke
Ofra´kji pliktin ein tanke
Du kan prøve å nå meg, men
e svara´kji lell
I dag bli e burte
inniblant blåe fjell
Åh la meg reise heim att……
NEDERST VED
BORDET
Du som sit
neders ved bordet
Du som ingen vil
sjå
E ha vel mæ gått
i frå deg
E ha vel mæ sett
deg gå
Det var ein
visjon dei hadde
Å takk for alt
som er gjort
Du ska’kji stå
med lua i hånde
Du ska’kji måtte
koma te kort
Men du sit
nederst ved bordet
og øvst er det
makte som rår
du prøva å ta
dei på orde
men tide den
berre går
Så du reise deg
sakte frå krakken
Det er ingen som
bryr seg om det
Det er ikkji
rare takken
Men du prøvde å
få det te
Du som sat
nederst ved bordet
Ha gjedd upp og
krakken står tom
No er du’kji
eingong i huset
Men ingen bryr
seg det grann
For du sat
nederst ved bordet
Og øvst er det
makte som rår
Du prøvde å ta
dei på orde
Men tide den
berre går
Va’re lettar å
sjå ho den gongen
Med træla og
svovelsvidd hu
No har ho
nålestikk i arman
Og ingen plass
ho kan bu
For då ho gjikk
ut gjennom døre
Va’re for seint
å få ho te å snu
Ho vart for tung
denna børe
Me skull ha
hjålpt ho – e og du
For ho sat
nederst ved bordet
Og øvst er det
makte som rår
Ho prøvde å ta
dei på orde
Men tide den
berre går
DU
SKULLE HA VISST
Såg deg i eit glimt på ein
gamal veg
E skjønte det var du, såg
det på dine steg
Då gjekk det eit lyn
gjennom marg og bein
Åh e visste – det var deg
e skulle hatt
Du kom hit ein gong i 89
I ei rotlaus tid du kunna
kji bli
Du vart burte utta eit ord
Men e visste det var deg e
ville ha
Ingen veg går attende dit
Og e kan´kji reise tebake
i tid
Gamle minnu gjer meg bere
trist
Åh – du skulle ha visst
E har undrast kor vart du
tå
Tenkt i tusen time, koffor
måtte du gå
Du sette spor langt inn i marg
og bein
Åh e veit, det er deg e
ville hatt
Skulle e ha leita, prøvd å
finne deg før
Skulle e ha satsa alt,
gått frå dør te dør
Er det for seint no, etter
så mange år
Åh e veit at det er deg e
ville ha
Ingen veg går attende dit
Og e kan´kji reise tebake
i tid
Gamle minnu gjer meg bere
trist
Åh – du skulle ha visst
STILLE
ELV
Kor lengji må e sita sjå
på graset
Før tankjin stig opp og
blir til ord
Dagadn går mens e sit
stura
Og e tenkji e skulde reist
i fjor
E såg for meg gode daga
Ein venleg bris og godlynt
sus
Men det har vore storm og
harde vindkast
Det var nordavinden som
vann med iskaldt brus
E trudde fossen skulde
stilne - At flate landet vilde overta
Og først no har eg skjønt
at vilje til stille elv
Er det e som må ha
Så e tok turen upp i dale
Te gamalt hus med gamal
sjel
Og e tenkte slutt no med å
bale
Sett deg ned og sjå på
graset eit bel
Så slik sat e i mange daga
Og let berre tankan gå
forbi
For slik era me laga
Me kan gje slepp om me
bere gjer uss tid
ref
I går gjikk månen ned bak
mjuke fjell
Som ei eldkule ho blunka
eit lite farvell
Ho sa dei netan du ikkje
ser meg så er e her lell
For du må leva kor dag og
nyte kor kveld
Og nett no har fossen
stilna
Det klukkar godlynt
gjennom lyng og bar
For e har skjønt det no at
evna
Til stille elv - Er det
e - som har
ERA ME MANGE ?
Abu Kamel og
Fawzia
Dei kom frå
Vest-Jerusalem
Men vart jaga
frå heimen i 1948
Dei fekk husly i
Sheik-Jarrah - Budde der i 60 år
Men no den niende
november vart dei kasta ut på nytt
Era me mange som
har ropt så høgt me kan ?
Era me mange som
bryr uss om
Andre folk –
andre land
Era me mange som
har trudd at det går an ?
Å gjera ein
forskjell
Om me berre bryr
uss – lite grann
Said har reist i
13 år
På rømmen frå
Afghanistan
Var berre åtte og
måtte reise heilt aleine
Barføtt over
fjellet ein liten gut fraus i hjel
Med berre nevan
dei gravde guten ned
ref
Obama i
Nord-Amerika
Har tent lys tå
håp i alle land
Når du spør vil
e rope ut eit rungande ja
For ja e vil tru
på andre daga - E vil tru på ein revolusjon
Ein
onsdagsmorgon i november ropa alle ja me kan
Era me mange som
har ropt så høgt me kan ?
Era me mange som
bryr uss om
Andre folk –
andre land
Era me mange som
har trudd at det går an ?
Å gjera ein
forskjell
Gje uss ein
Obama i alle land
Å gjera ein
forskjell
Om me berre bryr
uss – lite grann
JONI
Han gløyme alder kvelden i
sekstini
Det var silke og fløyel og
levande lys
Og midt i denne draumen
sat vakre Joni
Med gitar’n og sangen Big
Yellow Taxi
Har du ein kveld du alder
gløyme
Ei nått som eit avtrykk i
di sjel
Har du ein kjærleik som
vart større
Enn sjølve kjærleiken er
Dei levde sterkt med alle
sansa
I denne leiken størst tå
alt
Men noko endå større drog
dei
Trongen te å skapa hadde
større kraft
Så ein dag ho reiste for å
finne
Nokre svar på alt som
kjempa inni ho
Ho skreiv mange brev ho
alder sendte
Dei vart te sanga, dei
vart te Blue
Ref
For Jonis bestemor ho var
ein kunstnar
Som vart fanga i det
trivielle liv
Ho sparka døradn ned tå
henglsun
for knuste drauma som
alder slapp ho fri
så ein dag kom telegrammet
frå Jonis reise te
framandt land
men i aller siste linje
sto det
hennar avskjed – hennar
ord om sand
ref
om du held for hardt rundt
sand - vil ho berre renne ned
DET ER LANGT TE
KONGO
Hadde vore greit
med enkle svar
Tegna opp i
svart-kvitt – tabloidsk og klar
Er så lett å si
at e veit for lite om
Klodens kriga og
elendigheit – alle dei mørke rom
For her sit me i
trygge, rike nord
Og berre godtek
alt som skjer på denne jord
Det er så langt te
krigen – syngji me i kor
Men den er mykji
nærmar enn me trur
For det er
langt, langt te Kongo
Like greit å
leta att augo
For e kan kji
gjera noko lell
Og her e bur
høyre kji det smell
For det er langt
frå Skrindo te Kongo
Åtte år og på
flukt frå ein krig
Han såg mor og
far bli høgd opp med kniv
Så levde han på
rømmen ei tid
Te han vart
fanga tå hæren og måtte ut i strid
Dei fora’n med kokain
og krutt
Om han ikkji
skaut ville’n sjøl bli skutt
Guta og jentu på
10-12 år
Dette er no ! me
snakke’kji om i går
Ref
Oba vart
flyktning, kom seg inn i eit land
Framandt var
det, langt frå Afrikas strand
Der hadde
dei’kji hatt krig på over 60 år
Det var rikdom og
overflod, fred og gode kår
Dei putta’n i
eit mottak, men der kunna’n kji bli
Han fann’kji
roen inne, måtte ut, kjenne seg fri
Så han vart
vandrande papirlaus i løynd langs ei elv
Rivi upp i fillu
innvendig går han der og sjelv
Ref
Bror min vart slått
ned langs elve ei nått
Stygt var det og
angsten den grip hardt og rått
For elva um
nåtte e’kji lenger berre vår
Dette er no ! –
me snakke’kji um i går !
I
SLUTTEN TÅ MAI
Dei voro så varme hendadn
dine den morgon
Og sole kom inn gjennom
glase som ein kjær gamal venn
For kvelden hadde gnistra
då du kom inn gjennum døre
Augudn våre møttes og
kvelden for uss vart bestemt
På veg i frå festen uti ei
mai nått me trødde
Det lukta syrin der me sette
uss ned på ein benk
Vil du bli med til meg på
eit glas e er nesten heime
Og e svara - Ja det vil e
– utta eit blunk
Og du hadde dyne i silke og
blåmåla himmelseng
E smelta i blågrøne augo
og alt i meg brusa og brenn
Så stod du burtve glaset i
morgonsol og myste mot himmeln
Og e tenkte la denne
stunde alder svinne hen
¨¨
du følgde meg til døre å
kyssa meg så e alder kan gløyme
du sa takk for no det var
fint men det kan´kji bli meir
å e svara det var verdt
det
sjølv om e alder kan lære
deg å kjenne
så rusla e ut i solskinn
ein vårdag
i slutten tå mai
ALLE
TING KAN SNU
For alle ting kan snu -
Det veit jo du
Alle ting kan snu - Det
veit jo du
Har sett Else i gata i
alle år
Aleine med eit ovnsrør i
band
Har tenkt at ho er einsam
der ho går
Det er ho og ein firbeint
liten mann
Men alle ting kan snu –
det veit jo du
Alle ting kan snu – det
veit jo du
I vår kom ho ruslan med
ein tobeint kar
Det var han som hadde
ovnsrøret i band
Og dei voro så forelska
det var lett å sjå
Tenk at Else hadde funne
seg ein mann
For alle ting kan snu……
Else som snart er
femogsøtti år
Ho har alltid hatt eit
ovnsrør i band
Før tenkte alle her at ho
er einsam der ho går
No er det Else og eit
ovnsrør og ein mann
For alle ting kan snu…..
VINTERSPIGJIL
Han Einar frå kysten langt vest langt nord
Vart sekogåtti år det var vel i fjor
Aleine han budde i gamalt hus
E trur han må ha visst noko om lengt
Om vinterkledd hjarta evig ventand på ein vår
u-utsprungi kjærleik i drauman frå i går
bærand på ei soge om seg sjøl, om sitt liv
som ingen i bygde fekk ta del i
Du kunna vorte flyktning i eige land
Du stille fjord
Du blenkjande vinterspigjil
Langt vest, langt nord
Drøymde du Einar at det skull koma ein dag
Du skulle reise te ein by te ein anna stad
Der du kunna leggji hjarte i åpe hand
La iskrystallen smelte, renne ut i sand
Å gje næring te ei rose, raud og rank
Du kunna gje burt te ein framand mann
Som skulle kjent det nett slik som du
Å våge la gnist bli te brann
Ref
For åre dei gjingo så stilt forbi
Som fysste isen om hausten, skjør og fin
Du varsamt let deg byggji inni
Det var tryggast slik, evig vintertid
Alle våra som kom og freista deg ut
Mai sto og lokka, kom Einar gut
Men du våga’kji gje slepp, du våga’kji tru
Du prøvde nok Einar, men valde å snu
WHITE ROSE BAR
W
hite Rose Bar i 55
I hatt med søkk og classy brem
Der bohemen sat å drakk
Urban cowboy i fifties frakk
Du hadde spara te ein bil
Skull’ ta verda mil for mil
Sku’ berre finne re ei jente
Ei du ikkji kjente
Som vilde bli med utta mål og utta ende
E skulle ha blitt med
E skulle ha reist den same dag
Du skull’kji måtte vente
Hadde’ru spurt meg hadde e sagt ja
Ja e skulle ha blitt med
E skulle ha reist i lag med deg
Utta mål og utta meining
E hadde sagt ja om du hadde spurt meg
White Rose Bar i 75
Med langt hår og hippie sleng
Der bohemen satt å fabla
Om ein verden utta kriga
Det va i september det va hausten
Du skulle reise te austen
Skull’ berre finne re ei jente
Ei du ikkji kjente
Som vilde bli med på ei reise utta ende
Ref
White Rose Bar i gamle New York
White Rose Bar i kor ein by
Seine kvelda med store drauma
Du kan alltids reise i ein morgon gry
HAUST
WILLIE
E vil ha haust, Willie
Haustsol bleik og skarp på
same tid
E vil ha sein oktober,
kanskje tidleg november
Før snøen, Willie
Men etter at vinden har
vore her å rivi lauve ned tå tree
Nakne greini og eit teppe
tå gull
E vil ha åpne daga, Willie
Åpne og kvite
Med togbillett i lomma og
katten i veska
Så e kan reise heim att
Når e vil
Når e treng
Kvite daga – og ro i
sjelen
E vil ha haust, Willie
Haustsol bleik og skarp
Før den fysste snøen men i
den fysste frosten
Den som svir så friskt
Som klarna huvu og gjer
meg ro
Kvite daga
Så e kan reise
Reise heim att
Når e vil
Når e treng
Kvite daga
E vil ha haust
E vil ha haust, Willie