BAKTEPPE JORD

JORD

Eg har levd urbant heile mitt vaksne liv. Eg rømde i frå Ål som 17-åring. Eg måtte koma meg vekk, det var for trongt. Eg måtte reise så langt vekk eg kunna. Eg reiste te Amerika. Vart burte i eitt år, kom attende og kjende at eg måtte reise lenger. Eg reiste te Blitz. Lenger unda Ål kunna eg ikkje koma. Eg jobba som sosialarbeidar på gata i Tigerstaden.  Eg lova meg sjøl at eg alder skulde fløta heim att. 

 

No er eg likevel på veg tilbake til småbruket der eg vaks opp. Det har satt i gang mange tankar. Om jord. Frå den jorde me kan leggje hendane i, til moder og klode. Om samvet. Om opphav. Om rausheit, hjarte og urett. Om kampen for å leva og overleva. For det går ein raud tråd frå å kjenne mold i nevane til å rette rygg mot likegyldigheite.

HJARTE:

Eg har undra meg over at folk eg før kjende med eit solidarisk hjarte, har snudd seg mot sine gamle verdiar og retta nasen mot dei egoistiske og høgrepopulistiske tankane. Eg har lurt på kor det har vorte av hjarte. Og eg er skremd av framveksten av desse kreftene her i landet og i resten av verda. Eg meiner at den viktigaste muskelen me har er hjarte, i alt me foretek uss. Utan hjarte er me ikkje lenger folk, og utan medkjensle, empati og rausheit har me ikkje lenger hjarte.

 

JORD:

Eg skal reise heim att te Skrindo for å bu. Eg skal gå ut på marka og grava i jorda, slik eg gjorde som liten. Eg skal gå med sørgerenda under neglane. Eg skal busetja meg i gamlestugu på småbruket, ei liten hallingstugu frå 1850. Eg skal byggje bu der i lag med kjærleiken min. Me skal vakne kor morgon og dra inn den friske fjell-lufte. Me skal ikkje lenger berre vitje, me skal bu. 

 

SMÅKÅRSTESTAMENT:

Hjarte mitt bankar for småkårsfolket som bygde landet. Alle dei tagale slitarane som gjorde si plikt, som kjempa for å få endane til å møtast, som levde nøysomt, for seg og familien og felleskapet. Dette er historia til vaskekonene, husmødrene, småbrukarane og fabrikkarbeidarane. Det er og historia til far min.

 

KJÆR LEIK:

Den farlege, gode og altoppslukande leiken me alle freistar. Ein hyllest te denne, og kanskje ei lita bønn, om å ikkji bli riven ut av leiken når ein endeleg har slept seg laus i den. 

 

STILLA:

Eg sit i skrivestugu på Skrindo, eg har ei heil viku te rådigheit. Og så blir det heilt stilt. Eg fær det ikkji te. Eg klarar ikkje einsemde. Eg saknar kjær leiken. Eg skriv Stilla.

 

 

 

ROKK VED MEG:

Bob Dylan hadde skrivi eit refreng som vart spelt inn i løpet av Pat Garrett and Billy the Kid sessionen i 1973, den vart alder offisielt utgjeve, men kom på ein bootleg, då med tittelen «Rock Me Mama». Ketch Secor frå Old Crow Medicine Show skreiv vers på låta 25 år seinare, og gav den ut med tittelen «Wagon Wheel». Secor uttrykte eit ynskje til Tom Skjeklesæther om å få ei norsk dame til å gje den ut, og eg kjende at denne låten passa inn i Jord-albumet mitt og tok utfordringen med å gjere den om te halling. 

 

16 TONN:

Kan ein gamal gruvearbeidarlåt frå 40-åra ha aktualitet i dag? Ja, definitivt! Det er fortsatt slike arbeidskår rundt om i verda, og me treng å bli minna om det. Skriven av Merle Travis, gjett ut i 1947, gjort til ein hit av Tennessee Ernie Ford i 1956.

 

FJØR:

Mange i min generasjon vaks upp med å tru at me har møysommeleg arbeid fram eit klasselaust samfunn i Norge. Det er ikkji sant. Eg kjenner meg heime i arbeiderklassen, og som frilansande lausarbeidar er eg og ein del av den nye underklassen prekariatet. Men uavhengig av klasse, så finns det både hønu og hana som berre ser seg sjøl. Som ikkje veit noko om rausheit. Denne er til dei.

 

MINK:

Bygdedyret har knuga mange. Dei fleste som har vokse upp i bygde-Norge har nok kjend på det. Eg har kjend på det, men mest gjennom å sjå korleis dyret har hatt makt over ei av mine næraste. Me treng ikkje noko bygdedyr, like lite som me treng dyr i bur. Slepp dei fri!

 

LUKKA:

Ein av mine beste vener har heile livet gått å venta på den store dagen. Dagen då prinsen skulle koma, dagen då draumejobben skulle dukke opp, dagen då det uoppnåelege skulle skje, dagen då alle sorger skulle vera sløkt. Lista for lukka vart lagt så høgt. Songen har fått ei ny meining etter at ho fekk kreft. No kjempar ho for å leva og overleva. 

 

FERDAMANN:

Me treng alle eit møte med ein Ferdamann. For me skal ikkje tåle så inderleg vel....