ELD


SKULD

Eg må gjera bot

Vega upp for urett

Som eit lodd i jødn

Mot ei skål med fjør

Tankan går i ring

Dei grev seg berre djupar

Eg kan’kji halde verda

Kan knapt bæra meg sjøl

 

Og du, eg berre undrar

Kan hende du me har vore her

Og du, eg berre spør, eg berre ser

 

Eg har krype lågt

Te alt anna enn korset

Eg kan la tankjin pine

og plage meg i kne

Eg kan la skuld og åk

få overtaket

Endå eg veit

Det kjem´kji noko ut or det

 

Og du......

 

Kom bli med inn

Dra skoddin vekk frå glase

Syng vindane inn i rommet

La tankjin møte ord

Ja bli med inn

La dei mørke skuggan danse

Slepp dei ut, ja la dei fløge

Og la dei møte ord

 

Så bli med inn

Legg skuld og åk i aske

Tenn eit bål av vilje

Der draumar formar ord

Bli med inn

La eldhugen få brenne

Slepp fri, ja la den fløge

La den følgje desse ord

 

For du, eg berre undrar, eg berre ser


 

 

 

 


SKUGGJI

Eg møtte gammal skuggji att i går

Eg kjende sting i bringa - frå hine tunge år

Han bar med seg eit myrke frå ei tid

I frå dei skjelve-skjøre åre - som eg trudde var forbi

 

Angsten ligg i bringa som ein klut

Eg prøve hardt å vri og vrengi kloe ut

Eg hadde nesten gløymt ko redsle var

Men der kom han og minna meg um alt eg ein gong bar

 

Gje meg mot - for no må eg – gå han beint i møte

Gje meg mot – te å gå - skjuggjin min - midt i mot

 

Eg skjøna ikkji kor han kjem i frå

Eg har kji kalla på han, eg har berre bedt han gå

Eg trudde eg var kvitt han no for godt

Kor tek han det i frå, dette beist og nerveskrott

 

Gje meg mot....

 

Han riv meg opp i bringa så eg blør

Så syr han meg, forsegla meg med sine lange klør

Han plantar i meg sorg, og skuld og skam

Innkapsla og attgrodd, slik har han alltid fore fram

 

Gje meg mot - for no må eg - gå han - beint i møte

Gje meg mot – te å gå - skjuggjin min - midt i mot

Gje meg mot - no vil eg - rette rygg og - feste blikket

Gje meg mot – te å gå - skuggjin min - midt i mot

 

 

ELD

Du kom i ei tid                                   

over islagt fjord

upp kvitkledde viddu

gjennom snøstjernekor

du tende ei gnist

i eit øde land

i det einsame golde

bles du gloe te brann

 

Som jødn i eld,

det dirrar i bringa

Det er flammar som slukjer,

Dei lyfter og femnar

Dei let meg skjelve

Og eg vaklar i dansen

Som i eit ravande vanvidd

Mot eit stup, over kanten

 

Så la kor kvist i meg syngje

ei jublande hymne, og alder, alder, alder

La kor kvist i meg syngje

ei jublande hymne, og alder, alder, alder ------------

skal kaldt vatn - sløkkje denne

 

 

Det flakkar i rommet - det logar, det flimrar

eg flagrar som vektlaus - på vibrerande strengar

Så hald meg i elden - La meg gripe og kjenne

Kan du vara evig – kan eg evig brenne?

 

La kor kvist i meg.......

 

SORGLAUS

Ein dag vil eg tenkji attende på denne og at

akkurat no har eg alt eg vil ha

Og eg vil måle og fable og drøyme tilbake til

akkurat dette sekund slik det var

 

Akkurat no – i eit lys tå – år som har satt sine spor

Akkurat no – på andre sida – der tide er vår sorglause bror

 

Ein dag står du på kaia og veit at du skal reise og

alt du kan ta med deg er livet du har levd

vil du tenkji attende på stundi som denne og

veta at kort sekund har du sansa og kjent

 

Akkurat no – kort pust til ende – te år som har satt sine spor

Akkurat no – i åpent lende – for evig er vår sorglause bror

 

Vera Sorglaus, finns det vegar i livet som berre vil deg vel?

Sorglaus, dagar utan anger, mørke, sårfri sjel

Sorglaus, dei stundin som er vektlause, urofrie bel

Sorglaus, ja bele finns - kor dag her hjå deg

 

Kan hende det er slik

at du må ha vore blå

For å veta ko det mørkeraude er

Og kan hende det er slik

At du må ha sett ein botn

For å veta ko det er - å fløge


 

 


 

LIKESÆLA

Har du stått på kanten tå stupet

Har du kjent kaldt stål imot hud

Har du måtte springe i frå hjarte

I vissa om at du alder kan snu

 

Har du spent vengjin i svevet

Og kasta deg ut over juv

Og brått vorte vár du var utan

I det rungande fallet var du

 

Har du jaga skuggar i nåtte

Har du høyrt det lydlause kor

Det er likesæla som talar

Og den er dauden sin bror

 

Har du stått i flammar og kjempa

For livet med dauden på slep

For noko er større en behaget

For noko er større enn deg

 

Gå ut frå di varme stugu

Gå ut og sjå deg ikring

Slå skoddidn vekk i frå hjarte

Gå ut no og ta verda inn

 

Høyrer du songen frå djupet

Høyrer du koret som stig

For hjarte og mot blir te vengji

Og frå dauden sin bror me blir fri

Så spenn dine vengji i svevet

Spenn dei med styrke og kjenn

For hjarte og mot blir te vengji

Og no kan du fløge min venn

Ja no kan du fløge min venn



HELLU

Du har lagt hellu

Der vegen var kranglut

Der for mange steina

Ville stengji for min fot

Du har planta ospe

Der det var for vindfult

Det har gjett meg le

Og det har gjett meg rot

 

For du har bygd stigjin

Som tek meg te mønet

Og lete meg gro vengji

Så eg kan lande mjukt

Du har åpna glase

Med utsyn te verde

Og låst opp gamle lenkju

Så eg kan gå ut

 

Du har synt meg sanning

Der minnet var fabel

Du har lost meg i havn

Der eg kom i frå storm

Du har gjedd meg æve

Drigji meg upp i frå botn

Du har synt meg at åske

Kan bli te eld


 

 

 

 

 

 

SLEKTERS RANG

Det er vel kji lenger slik

At slekt fylgji slekters gang

For treet som vaks upp på steingrunn

Har reist seg mot storskogens rang

 

Og Karlsen i nr 13, Han har flutt frå by´n

Smukke Olga er influenser, Ho lever livet i cybersky´n

 

Og det er eit liv på nåde

Frå likes og klikk og spons

Der vesla går for lut og vatn

For ein må jo væra på´n

Døgnet rundt frammom linsa

Det blir eit evig jag

For lukka ligg i kvite smil

Og tusen klikk kvar dag

 

Det er vel ikkji lenger slik

At me er lenka til kvart vårt lodd

Og vegen til det forjette land,

er det slik at den no er nådd?

 

For gamle Dal i fjerde, Finn du på heimen med liggesår

Han kjem nok alder heimatt, Han har’kji rømt på mange år

 

Men Karslen tek fram fela

I blokka i Groruddal’n

Og han drøyme seg attende

Te dei store, åpne hav

For den gong bar han draumen

Slik horisonten sto i brann

Og bakom den fanns verda

Der alt gjekk berre opp og fram!

 

Og gateguten frå ein mursteinsgård

Han vandrar endå som i hine år

Legg du øyra ned mot støv og stein

Kan du høyre songen – den går gjennom jord og eld og marg og bein

 

«Denne draum som nåtte avla og som dagen sler ihjel

Om Atlantis og Utopia – om ein bedre lodd og del

Enn eit liv, der andre eig sjøl eins hjarte og eins sjel».

Sitat frå diktet Nr 13 av Rudolf Nilsen


 


 

 

BØTE VENGJI

Veit du koss ein bøte vengji?

Eg har ein som brakk i to

Kan du lyfte fugl frå markji?

Veit du om denne kan gro?

 

Kan du sjå sår i sjela

Kan du sy med mjuke sting

Kan du løysne kvite knokar

Løysne og smørja dei inn

 

Kan du gje meg ord te sorgji

Der eg alder sjøl kjem inn

Den eg ser i bøygde nakkar

Og i matte tåri på kinn

Kan du gje meg ord te sorgji

Denne muren har vorte for høg

For alt det eg vil er å tegje

Eg treng det - for dei - og meg sjøl

 

Kan du turke burt den tvilen

Som stengji for hjartesong

For eg veit at dei vil meg vel

Dei viste meg det ein gong

 

No har det liggje så lengji

Dette vatnet som ikkji renn

Det er tufta på bitter fabel

Der fandens skuggar brenn

 

Kan du gje…….

 

For blod er tjukkar enn vatn

Og gjennom hjarte det må

Stengjer du att for dine

Ko står me att med då?

 

Så no treng eg deg te å bøte

Både vengji, hjarte og sjel

Kan du vera bru te dei hine

Kan du løysne knokan eit bel

 

Kan du gje………..


 

 


 

ARMAN I KORS

Dei tok burt fargudn

Og alt gjekk i svart

Vegen ut her i frå

Vart hengande att

Alt sto i loge

Bekmørk og grå

Og under var avgrunnen

.......Den me har venta på?

 

Flokken er burte

Du anar ikkje kor

Vart dei att i åska

Tynn røyst ropar mor!

Tung røyk gjennom dale

Ingen stad å gå

Ragnarokk og endetid

......Det er dette me har venta på?

 

For her har me stått med arman i kors,

basta og bunde i vår otte og komfort,

sett ein annan veg og latt dei hine forgå,

for ein kan´kji hjølpe alle, er det dette,

me har venta på?

 

Verda har revna

Den me kjende så vel

Ikkje den langt burte

Nei dette er her

Beint inn i di stove

Rett i ditt fang

Høyrer du ekko

Frå framande land?

 

Du har ingenting no

Og inkje noko å få

Dine er burte

Alt du eigde likeså

Så kven er du no?

Og kvar skal du gå?

Står nokon og tek i mot deg?

.........Er det dette?


 

 


STEMPLINGSUR


Ta hånde mi bli med opp langs elve

Desse steinan har kjent tunge føta før

Dei har høyrt menn tala om ei framtid

Endelaust ljos og mindre bør


 

Dei har sett kvinner gå ned til bredden

Der dei møttest te svall over tøy

Men praten langs elva den stilna

I den nye tids larm og støy

 

Om du blir med opp langs fossen

Ser du veggar som husa ei von

Om betre tider og tryggleik

Gjennom jødn og eld og ljom

 

No står dei skrikande i si øyde

Med sundsligji glas og sot

Dette som ei gong var vår framtid

Som gav uss verdigheit og mot

 

Kom la uss gå upp te brue

Frå den kan du sjå nesten alt

At ei framtid kunne vera så handfast

Så ruvande, bastant, monumentalt

 

No står dei her å gapar

Dei er nakjin med sprekkar i sitt skjød

Desse som var heile livet

Frå fødsel te alderdom og død

 

No har me ingen koloss meir

Te å stake ut vår livets veg

Som fjell sto dei her langs elve

Tok deg i favn og vart livs-vogga for deg

 

Kom skal eg ta deg med inn her

Te gangen før kvar dags gavn

Her er endå uret som stempla

Med klukke, nummer og navn

 

Har du eit stemplingsur i livet

Som du veit at vil sjå deg kvar dag

Som vil følgje deg trufast til din ende

Som fortel deg at me står i lag

 

For kvar sprekk i veggen ved uret

Har nummer og navn og tid

Då veit du at her heng sjølve livet

Og du - skal ikkje lenger enn hit


 

 


VON

Du set deg ned

Og eg ser kor trøytt du er

Du har stått i blæsten

I frå jord og folk og vær

For dette det var draumen

Du ville byggje meg eit slott

Du flutte hit i einsemd

Mot mange odds kvar dag og nått

 

Her har budd demona

og dei kom’kji frå deg

Men lell dei har deg tynga

Slik dei og gjorde med meg

La dei dyrke sitt i mørke

Dei kan’kji reddast la dei bli

Men du og eg skal leva

Me treng eit land og tusen mil

 

Så la gard og grunn få kvile

La folk og fe få gå

Me reise no i kveld

Me reise, fordi me må

 

For me treng å halde henda

Berre uss to utan plan

Og me treng horisonten

Ein ny, ei anna sta

Ja me treng å halde henda

Og eg ser at du treng kvil

Og eg har lagt ein slagbjørn

Den heiter von, og tusen mil

 

Eg tek rattet

Du tek sixpencen frå Vence

Ein bag slengt bakom sete

Eg la ein brisk på lasteplan

For me treng berre uss no

Og eit framandt land mot sør

Og kvelden er så vakker

Sjå Reineskarvet blør

 

Me er kanskje ikkji så unge

Om du reknar uss i år

Men rekna du i håp

Så er me fødd i går

 

For me treng å halde hend....


 

 

UNDRAST’KJI

Det vart tidleg haust i år

Du tok med deg summaren då du gjikk

I denne friske haustmorgon

Veit eg har visst at dagen kom

 

Du ville ikkji såre meg

Eg veit du prøvde å liste deg ut or livet mitt

Eg vil alltid vera glad i deg

Eg håpar du finn noko som blir ditt

 

Eg sit ikkji her i sjokk

Eg leita etter ord på det eg kjenne

Over meg flyg fugladn i flokk

Skulle ynskji at eg kunna bli med

 

Eg undrast’kji over at du reiste

men over at du ikkje reiste før